MultiVolt AS er Hyllestad IL Biljard sin nye hovudsponsor!
Dagleg leiar Tore Bråstad seier "at dei er svært tilfreds med å kunne vere hovudsponsor for eit biljardlag i norgestoppen og med medaljar i Europa. Dette passar godt overeins med MultiVolt sine ambisjonar om å oppnå gode resultat i ein sterk nasjonal og internasjonal konkurranse".
Her er Bråstad saman med Europameister i 10 ball Nina Torvund (t.v.), som saman med Astrid Eiken Flage, også vann EM- bronse for lag i 2018.